Ski/snowboard og aking

Heisann hoppsann! Eg har vert lat med å skrive dessverre. Yours truly John-Artan ber om unnskyldning. MEN!

Ting vi he gjort førre veka som va, va eigentleg berre å køyre ski og snowboard på vassfjellet på tysdag, ake på onsdag og til slutt vassfjellet igjen på torsdag.

Tysdagen var eg ikkje med fordi eg forsov meg. Dei som ville ifrå klassa gikk topptur saman med Freeride Japan og Freestyle USA. Dei gjekk opp fjellet og skulle kjøre ned igjen til skulen. men mesteparten av Multisport klassa var i bakken i staden for.

Onsdag blei det aking med små gummibåtar og rattkjelke nedover nokre små bakka. Ikkje noko stort men det var gøy. Frida, vår gode stipp, fekk hjernerystelse. Tydelegvis var det en dum ide og ake med tre personar i ein liten gummibåt ned ein myyykje brattare bakke som var ved siden av der vi kjørte først. Men som sagt, vi hadde det gøy og Frida har det bra.

Torsdag! Køyre snowboard og ski i bakken. Parken hadde fått eit nytt hopp der du trenge farta til ei kule for å komme over kulen og ned i landinga. Men når man hoppa eit par gonga og får feelingen so kan man prøve triks om man vil. Eg for min del landa min første bakoversalto, elles var det berre Fusa og Fjapan elevar som hoppa. Men elles ein grei dag i bakken.